Undredal stavkyrkje

Beskrivelse

Undredal stavkyrkje ligg i Undredal sokn i Indre Sogn prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1147. Kyrkja har langplan og 40 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda. 

Arkitekt: ukjent. 

 

Dateringa av Undredal stavkyrkje er usikker, men ein går ut frå at ho vart bygd etter 1150. Ho er ei lita kyrkje med rektangulært skip og kvadratisk kor. Kyrkjetårnet reiser seg over fire stolpar i vestre del av skipet. Opphavleg var dette ein frittståande støpul utanfor kyrkjerommet, men skipet vart på 1600-talet forlenga mot vest og klokketårnets underbygning integrert i rommet. Koret, som også er ei seinare tilbygging, er i same breidd som skipet, men med lågare tak. Over både kor og skip er det kvelva himling. 

 

Dei fire stolpane, stavane, ein kan sjå innvendig  i skipets yttervegger markerer den opphavlege storleiken på kyrkjeskipet. Bygningskonstruksjonen består av ei vassrett veggsvillramme på steinfylling,  og med loddrette stolpar eller staver med ei vassrett ramme i toppen  av innfelte bjelker, stavlegjer. Veggplankane er sette ståande inn i ramma som danna  av staver, sviller og stavlegjer.  

 

Bortsett frå ei mellomaldersk kyrkjeklokke, som heng i hjørnet bak i kyrkjerommet, er alt inventar og utsmykking frå etter reformasjonen. Den fargerike veggdekoren, med draperi og blomsterbukettar, er frå 1600-talet. I himlingen er det måla stjernehimmel og englar. Dekorasjonane vart avdekte i 1962, etter å ha vore måla over sidan 1860-åra. Preikestolen i renessansestil er frå 1696. 

 

Kjelder:

Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005

Lokalisering


5746 Undredal
Sogn og Fjordane

Kontakt

Kontakt kirkevergen Aurland kirkelige fellesråd
Tel: 57 63 29 95
Email: kyrkja@aurland.kommune.no

Lenker og annen informasjon