Lom stavkyrkje

Beskrivelse

Lom stavkyrkje er ei stor kyrkje, antakelig bygd omkring 1150-1200. Veggflatene utvendig er tjærebredde, og vindauga er store og raudmåla. Tre middelalderportalar med utskjeringar er heilt eller delvis bevart. Bærande konstruksjonar i bygningen: stavar, sviller og stavlegje er òg bevarte, men det meste av ytterveggane er utskifta.

På 1600-talet vart kyrkja utvida, men den har ikkje gjennomgått store endringar sidan. Kyrkja fekk takryttar og spir i 1634 og samtidig vart det bygd til korsarmar og sakristi. På 1660-talet vart skipet forlenga med eit lafta tilbygg i vest. Kyrkjegarden er omkransa av høge murar med inngang gjennom ein overbygd port.

Kyrkjas interiør er lyst, med store vindaugsopningar. Skipet er utan måla dekor, mens koret er prega mykje av 1600-talet, som består av enkle geometriske former og ornament. Høgt oppe på gavlveggen er det måla to store løver med tjære. Kyrkjebenkene er enkle og blåmåla. Altertavla er frå 1669 og har to englar som vart festa til tavla i 1721. Preikestolen med utskjeringar av akantus bladdekor frå 1790-talet, er skoren av Jacob Sæterdalen, som òg laga korbogen på same tid. Midt i skipet heng ei utskåren og måla lysekrone i tre frå 1664. 

Lokalisering

Lom
Oppland

Kontakt

Kontakt for omvisning (grupper) Torunn Kjøk
tel (+47) 9707 5396 / (+47) 90738489
E-mail: torunn.kjok@lom.kommune.no

Lenker og annen informasjon